Historikk

20170220_092006

Ein reportasje i Sogn Avis i 2005 om Stan Larkan vekte interesse hjå Per Steinar Melås.

Stan Larkan kjem frå Eshowe som er  ein liten by i  Kwazulu Natal provinsen i Sør-Afrika. Eshowe er venskapsby med Sogndal, og det var i den samanheng at Stan Larkan var i Sogndal og blei omtala i Sogn Avis.

Larkan var provinsguvernør og ordførar og hadde soleis stort kontaktnett i SørAfrika.

Per Steinar tok kontakt med Stan for m.a. å kunne jakta i området der. Han reiste soleis til SørAfrika, og fekk omvisning i "rural area". Dette gjorde så stort inntrykk på Per Steinar at han umiddelbart bestemte seg for å yta ein skjerv til dei fattigaste av dei fattige.

Han bestemte at i dette området skulle det byggast ein barnehage for foreldrelause barn der mat og undervisning var essentielle krav. Dei første leveåra til eit barn er kritisk for normal hjerneutvikling med omsyn til proteiner,mineralar og vitaminer. I tillegg skulle det etablerast pedagogisk personale som skulle m.a. ta seg av finmotorisk utvikling og leik/læring. Alt dette fordi utdaning er nøkkelen til eit liv utan fattigdom og naud

I 2006 var barnehagen klar til å ta imot 50 barn.

Nokre år seinare vart det gjort eit makebyte med kommunen, og barnehagen fekk ny tomt med plass til to heilt nye hus og plass til 80 barn

I dag er det 6 tilsette i barnehagen, men mange fleire vaksne er i barnehagen kvar dag og jobbar "gratis" for slik å få seg eit fullverdig måltid.

Stella Schoeman som bur i Eshowe er vår kontaktperson . Ho har den økonomiske styringa der nede og tek seg av innkjøp av mat og andre naudsynte ting til barnehagen. Dessutan passar ho på at alle barna får ein helsesjekk ein gang i året

Kontakt Oss:

tlf.: +47 48252346
e-post: post@barnehjelpafrika.no